Storehesten Opp 25. august 2018
Arrangementskomiteen har vedteke å flytte Storehesten Opp til 25. august 2018. Mykje snø i fjellet har fleire gonger skapt utfordringar for oss, og med tanke på tryggleiken til deltakarane våre flyttar vi arrangementet vårt på permanent basis. Set av helga, og følg med på oppdateringar på facebooksida vår framover.
Vel møtt!
Arrangementskomitèen
STOREHESTEN OPP 2017
Til trass for utfordrande vertilhøve var det mange blide fjellfolk å sjå i løypa i går. Vi valde å flytte målgang frå Storehesten til Vardehaugane, ca 900 moh og 9 km på grunn av dei vanskelege vertilhøva. Nær 80 konkurranseløparar stilte til start i konkurranseklassene, og kring 200 i mosjonsklassa. Neste år håpar vi på sol!
Gratulerer til Ole Martin Erdal (Førde IL) og May Britt Buer (Gular) med sigerane i konkurranseklassa, og til Øystein Støfring (Jølster IL) og Kathrine Rørtveit (Gular) i konkurranse kort.
Resultat frå motbakkeløpet finn de her
Resultat frå rulleskirennet finn de her.
OM JACKPOTPREMIEN
Ein Jackpot for løyperekord (dame og herre) vart oppretta i 2015 av Bildeler Førde AS (kr 15000 i kvar klasse). Potten vart dobla i 2016 av Bildeler Førde AS og Rekneskap Fjordane AS.
I 2017 er det tillagt kr. 15 000 i både herre- og dameklassen av Bildeler Førde AS og Rekneskap Fjordane AS. Totalt er difor Jackpot for ny rekord både i herre- og dameklassen kr. 45 000. I tillegg vil vinnaren få kr 8000 som vinnar av løpet (dame og herre).
BILETE OG RESULTAT FRÅ 2015 OG 2016
OVERSIKT REKORDTIDER - Oppdatert 2017
Konkurranse: John M. Sompol, 1.03.15 (2011) og Heidi Weng, 1.11.53 (2014).
Konkurranse kort frå Stølshaugane: André Haugsbø, 46.40 (2014) og Bodil Ryste, 56.11 (2015).
Rulleski: Ole Martin Erdal, 9.21 (2015) og Bertine T. Lefdal, 12.53 (2015)
FØLG OPPDATERINGAR PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM
Følg oss for jamlege oppdateringar på facebook og litt mindre jamlege på instagram @storehestenopp
- Bilder 2016
- Bilder 2015
- Bilder 2014
- Bilder 2013
- Bilder 2012
- Bilder 2011
- Bilder 2010
- Bilder 2008
- Bilder 2007
- Bilder 2006
- Arkiv 2016
- Arkiv 2015
- Arkiv 2014
- Arkiv 2013
- Arkiv 2012
- Arkiv 2011
- Arkiv 2010
- Arkiv 2009
- Arkiv 2008
- Arkiv 2007
- Arkiv 2006